Den nye Kleven-konsernsjefen:

- Ei spanande utfordring

Karsten Sævik har framleis nokre månader igjen hos sin noverande arbeidsgivar, men gler seg til å ta over konsernsjefstillinga i Kleven.

Karsten Sævik, ny konsernsjef i Kleven.  Foto: Remøy Shipping AS.

Næringsliv

Onsdag offentleggjorde Kleven-konsernet ved styreleiar Leif Teksum at Karsten Sævik er den nye konsernsjefen Teksum har gjennom tidlegare intervju uttrykt eit ønskje om å finne ein lokal person, som også kjenner godt til Sunnmøre og skipsbyggingsindustrien. Det har han definitivt funne i Karsten Sævik, som har lang røynsle både frå skipsbygging og reiarlag. Hovudpersonen sjølv er svært audmjuk i høve oppgåva han no får.