Fjord1 teikna storkontrakt med to verft:

Har bestilt sju nye ferjer

Fjord1 har måndag skrive kontraktar på bygging av fem ferjer med Havyard Ship Technology. I tillegg har selskapet skrive to kontraktar med Cemre Shipyard i Tyrkia.

Dei sju ferjene vert overlevert til Fjord1 hausten 2019.  Foto: Illustrasjon/Havyard.

Næringsliv

Alle ferjene er ifølgje Fjord1 i verdstoppen når det kjem til innovasjon og miljø, og skal driftast med null- og lågutsleppsteknologi basert på elektrisk framdrift. Det skriv selskapet i ei pressemelding måndag ettermiddag. Dei sju ferjene skal etter planen overleverast til Fjord1 hausten 2019.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er glad for at det er eit norsk verft, Havyard Ship Technology, som skal bygge fem av dei sju ferjene.

- Vi ser at norske leverandørar er i framre linje når det kjem til innovasjon i forhold til miljø og teknologi, noko som er avgjerande viktig for oss i Fjord1. I denne kontraktsprosessen var det fleire norske verft som leverte tilbod og som var med i finalerunden. Vi er svært glade for å sjå at dei norske verfta er blitt konkurransedyktige på pris, kvalitet og leveringstider på fartøya. Det er alltid gledeleg å skrive kontraktar med norske leverandørar som leverer godt, og forventningane våre er høge, seier Neteland.

Det høyrer også med til historia at Sævik-familien, som er mest kjende for Havila, er største eigar både i Fjord1 og Havyard Ship Technology.