Olympic Challenger:

Toårig kontrakt med Reach Subsea

Olympic Shipping fortel gjennom ei pressemelding at reiarlaget sitt dotterselskap Olympic Subsea har lukkast i å få i hamn ein toårig utleigeavtale med Reach Subsea.

Olympic Challenger.  Foto: Olympic Shipping.

Næringsliv

Reiarlaget opplyser også om at avtalen inkluderer ein opsjon på ytterlegare eitt år.

- Kontrakten stadfestar at strategien vår med ein flåte av fleksible fartøy innan Blue Energy-segmentet har vore rett, seier styreleiar Stig Remøy i Olympic Subsea.

Skipet skal nyttast av Reach Subsea til inspeksjon, reparasjon av subsea-installasjonar og vedlikehald, i tillegg til arbeid innan fornybar-prosjekt. Etter planen har kontrakten oppstart i april.


Olympic Challenger blei levert frå Aker Yards AS Aukra i 2008 og er eit fleksibelt subseafatøy.