Regjeringa:

Løyver 30 millionar til havteknologi

Regjeringa har løyvd pengar som skal gå til demonstrering og testing av ny havteknologi.

Fiskeriminister Per Sandberg.  Foto: Pressebilete/Framstegspartiet.

Næringsliv

Fristen for å søkje om ein del av potten går ut 1. juni. I ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet går det fram at Innovasjon Norge, etter samarbeid med Forskningsrådet, no lyser ut heile 30 millionar kroner til såkalla pilotering og demonstrasjon av nye system, prosessar og teknologi. Denne utlysinga gjeld verksemder innan maritim og marin næring, skriv næringslivsportalen Nett.no.

- Vi er verdas nest største eksportør av fisk og sjømat. Dessutan har vi ein leverandørindustri heilt i verdsklasse. Vi veit at mange har behov for å teste nye løysingar. Eg håper mange bedrifter vil nytte seg av denne moglegheita og søkje om støtte, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp) i pressemeldinga frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Stor tru på spanande søknader

- Vi har stor tru på marin og maritim næring og vi forventar å få mange spanande søknadar. Prosjektet sin nyheitsgrad, marknadsmoglegheiter, og samarbeid mellom bedrifter og forskingsinstitusjonar er noko av det vi vil leggje vekt på i utvelginga av prosjekta som får støtte, seier Inger Solberg, som er divisjonsdirektør for bærekraft i Innovasjon Norge.