Leverer båt til ny kunde

Mare Safety skal levere ein ny båt til Edvard Grieg-plattforma.

Mare Safety skal levere ein MARE GTC 900-2VD til Lundin Norway og Edvard Grieg-plattformen.   Foto: Mare Safety

Næringsliv

Det er Lundin Norway som er operatør på plattforma, og Mare skal levere ein MARE GTC 900-2VD.

Ifølgje ei pressemelding frå Mare Safety ligg båten klar i hamna på Borgstein i Ulsteinvik.

– Vi har gode referansar på båtleveransar innan segmentet olje- og offshore, og det er derfor ei stor tillitserklæring at Lundin Norway kom til oss. Vi har gjort vårt ytterste for å forsyne selskapet med ein god og driftssikker båt som tilfredsstiller krava til både kunde og regelverk, fortel produktsjef Geir Ove Molvær i Mare Safety i pressemeldinga.

Molvær legg også til at båten er den første som blir rulla ut av fabrikkhallen til Mare Safety godkjent etter den nye NORSOK-standarden R-002 2017, som er eit teknisk krav til løfteutstyr på alle faste og flytande installasjonar, mobile offshoreeiningar, lekterar og fartøy

og anlegg der petroleumsverksemder utførast.

– Vi strever etter å levere båtar som er typegodkjent etter siste standard. Det er då ekstra kjekt at ei ny kunde som Lundin Norway får ein båt frå oss levert i samsvar med dei siste krava. Dette er ein kvalitetsgaranti både for oss og kunde, fortel Molvær.

Molvær avsluttar med å fortelje at Hogne Trettø ved Mare Safety har fungert som prosjektleiar, og at arbeidet som er unnagjord er svært godt.

Båten skal leverast i byrjinga av mars månad.