Rolls-Royce Marine får oppdraget:

Hurtigruten byggjer om skip til hybriddrift

Hurtigruten skal oppgradere inntil ni av skipa sine til hybriddrift med gassmotorar og batteripakker. Rolls-Royce Marine har fått oppdraget.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Kirsten Offerdal / NPK

Næringsliv

(NPK-NTB): Hurtigruten kallar tiltaket den største miljøoppgraderinga i deira historie.

Intensjonsavtalen med Rolls-Royce Marine omfattar oppgradering frå dieseldrift på seks av hurtigruteskipa, med opsjon på ytterlegare tre. Oppgraderinga skal vere ferdig før 1. januar 2021.

– Dette er ei investering i framtida og ein historisk dag for oss, for miljøet og for heile norskekysten. Kombinasjonen av batteripakker og dei mest miljøvennlege og effektive gassmotorane på marknaden vil gi ein enorm miljøgevinst, seier konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten.