Rekordresultat for Jets

Både omsetnaden og resultatet vart rekordhøgt i 2017.

Jets på Hareid leverte både rekordresultat og rekordomsetnad i 2017.   Foto: Tony Hall

Næringsliv

Fredag vart det klart at Jets på Hareid har levert sitt beste resultat nokosinne. Også omsetnaden er på sitt høgaste nivå. Det går fram av ei pressemelding frå Jets.

– Først må eg få seie at rekordresultatet vårt på 69 millionar kroner er ein konsekvens av lagarbeid. Vi har dyktige tilsette i alle ledd og samarbeidspartnarar verda over. Det er desse som har gjort det mogleg. Utan alle ledda fungerer ikkje kjeda, og eg er privilegert som får jobbe med alle desse flinke menneska. I tillegg har vi mange kundegrupper med varierande behov rundt om i verda, men i hovudsak leverer vi nøyaktig den same vakuumteknologien til alle desse kundane. Det gjer at vakuumpumpene våre kan drive eitt enkelt toalett i ei hytte på fjellet, like godt som dei driv 3.000 toalett om bord på ein cruisebåt. Vi skalerer berre pumpene opp eller ned. Dette gir sjølvsagt gode synergieffektar i alt frå produktutvikling og teknisk avdeling, via produksjonslinja, til ettermarknad og service, seier konsernsjef Øyvind Tørlen i pressemeldinga.

Ifølgje Jets er det ettermarknaden for reservedelar og servicearbeid som gir den største omsetnaden for verksemda.

– Vi har selt vakuumtoalettsystem i over 30 år, så ettermarknaden for eksisterande kundar er difor stor. Og den veks seg sjølvsagt større for kvart einaste nye anlegg vi leverer. Førebels er det skipskundar som utgjer størstedelen av ettermarknaden, men dette vil snu litt meir mot land etter kvart. Det skuldast at vi har fått så mange bein å stå på i ulike marknader, og ikkje leverer berre til skipsindustrien lenger, opplyser Tørlen.

Selskapet skriv også i pressemeldinga at Jets ikkje vart like hardt råka som mange andre utstyrsleverandørar av nedgangen i olje og offshore.

– Litt forenkla kan vi seie at vi opplevde ei utflating av veksten vår, då krisa kom til maritim næring. Vi hadde då ein auke på om lag 20 % årleg i nysal til kundar på land, i form av mobile toalettløysingar, kondenstransport for butikkar, vassparande toalett til kommersielle og offentlege bygg, samt toalett og reinseanlegg til hytter, for å nemne noko. Denne veksten klarte nesten å ta unna for svikten frå maritim side. Vi skuldar ein stor takk til dei som torde å ta stega inn på desse nye marknadene for fleire år sidan. Dei stega var med å legge grunnlaget for rekordresultatet vi ser no, konkluderer Øyvind Tørlen.