Jets med rekordresultat - no blir det bonus på dei tilsette

CEO Øyvind Tørlen (t.v.) og tillitsvald Bjørn Røyset (Fellesforbundet, t.h.). Foto: Jets. 

Næringsliv

Før helga kunne Jets på Hareid presentere rekordresultat, etter at ein hadde eit resultat før skatt på 69 millionar kroner i 2017. Også omsetnaden til selskapet var rekordhøgt med heile 437 millionar kroner.

I ei pressemelding frå Jets måndag går det fram at dei gode resultata også vil kome dei tilsette til gode.


Rekordresultat for Jets

Både omsetnaden og resultatet vart rekordhøgt i 2017.

 

- Vi har etablerte retningslinjer for kva som skal til for å betale ut bonus, og desse retningslinjene har alle tilsette tilgong til. Difor har det vel vore mistenkt at dette kunne bli aktuelt, blant dei som har kika på tala for fjerde kvartal. No er eg svært glad for å stadfeste at det faktisk vert bonus, og for at vi kan gi alle som bidrog til rekordresultatet ein ekstra takk på lønnslippen for mai, fortel konsernsjef Øyvind Tørlen i ei pressemelding.

Tørlen har orientert dei tilsette om at selskapet kjem til å betale ut bonus på 26.620 kroner til kvar medarbeidar.

På produksjonsgolvet ved Jets var det god stemning å spore etter meldinga om bonusutbetaling. Bjørn Røyset, tillitsvald for Fellesforbundet, meiner det er fleire grunnar til å vere glad for bonusen.

- Det beste med bonusen er i grunn at den er eit tydeleg og godt bevis på at bedrifta går veldig godt, og at arbeidsplassane våre dermed er sikre. Det er minst like viktig som at det kjem litt ekstra pengar på konto, sjølv om det og naturleg nok er veldig kjekt. Ting tyder på at vi skal halde fram med å vekse, og det ser lyst ut for Jets framover. Då er det flott å få ei slik stadfesting på at det vi gjer her på Hareid kvar dag er med på å skape gode økonomiske resultat, seier Røyset.