Ordreboka til Larsnes Mek. Verkstad er full ut 2019:

Må takke nei til oppdrag

Hjørnesteinsbedrifta på Larsnes i Sande kommune gjer det godt.

Larsnes Mekaniske Verksted har så mykje arbeid at ein har vore nøydd til å takke nei til nye oppdrag.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

Næringsliv

Larsnes Mekaniske Verksted i Sande har hatt stor pågang frå fiskarar og fiskeribedrifter som ønskjer å skaffe seg nybygg. Men fordi verftet har full ordrebok har verksemda, med dagleg leiar Jarle Gunnarstein i spissen, vore nøydde til å takke nei til fleire oppdrag. Det melder NRK Møre og Romsdal.

Vikebladet Vestposten intervjua dagleg leiar Gunnarstein om stoda ved verftet i september i fjor, og han kunne fortelje allereie den gongen at situasjonen såg lovande ut.

Larsnes Mek er av dei mest lønsame verfta i landet. I 2016 enda verftet med eit resultat før skatt på 24 millionar kroner, og prognosane for framtida er nok ikkje noko dårlegare. Ordreboka er nemleg allereie full ut 2019.