Størst arbeidsløyse i Herøy

Arbeidsløysa på ytre søre er på tilbakegang, med unntak av Herøy

På ytre søre opplever dei fleste kommunane ein nedgang i talet på arbeidsledige. 

Næringsliv

I Herøy kommune var det i alt 246 personar heilt utan arbeid ved utgangen av april. Dette er 35 fleire enn for ein månad sidan og 37 fleire enn på samme tid i fjor. Dette utgjer 5,3% av arbeidsstokken, noko som er høgast av kommunane i Møre og Romsdal. Av dei arbeidsledige er 139 menn og 107 kvinner.

Hareid er den kommunen på ytre søre Sunnmøre som har prosentvis nest flest arbeidsledige. 4,6 prosent av arbeidsstokken er heilt ledige. Av dette er det 72 menn og 50 kvinner, tilsaman 122 personar. Dette er ein liten tilbakegang frå sist månad, då var 128 heilt ledige i Hareid. Det siste året har talet på ledige i Hareid gått ned med 30 personar.

I Ulstein har talet på heilt ledige gått ned med 96 personar det siste året, to personar den siste månaden. Arbeidsløysa i Ulstein er no på 3,5 prosent. Dette betyr at 160 personar er utan arbeid i Ulstein, fordelt på 108 menn og 52 kvinner.

I Sande er det 37 heilt ledige, 21 menn og 16 kvinner. Dette er to færre enn ved førre månadsskifte og 11 færre enn for eitt år sidan. Dette er 2,8 % av arbeidsstokken og Sande næærmar seg då fylkessnittet som ligg på 2,5%

I Vanylven er arbeidsløyseprosenten heilt ned i 1%. Dette betyr at 16 personar er heilt utan arbeid i Vanylven, fordelt på 10 menn og seks kvinner. Dette er samme talet som for ein månad sidan og 13 personar færre enn på samme tid i fjor.

I Møre og Romsdal er det no 3452 personar heilt utan arbeid. Dette er 821 færre enn ved utgangen av april i fjor.

- Arbeidsløysa er omlag den same som i førre månad. Ein nedgang på 149 målt i faktisk mengde arbeidslause, men heilt stabilt når vi tek omsyn  til normale sesongariasjonar, seier fylkesdirektør i NAV Møre og Romsdal, Stein Veland.