Havila Holding med nytt hotellkjøp:

Kjøper tradisjonsrikt hotell i Hornindal

Sævik-familien eig allereie Hotell Ivar Aasen i Ørsta og 45 prosent av Thon Hotel Fosnavåg gjennom Havila Holding. No tek familien over sitt tredje hotell i regionen.

Jens Brokman (t.v.) som har eigd og drive hotellet til no, seier at å selje til Havila Holding betyr ei god og trygg framtid for hotellet, bygda og dei tilsette. Her saman med Gunther Dahler som har vore rådgivar for Havila Holding i kjøpsprosessen. 

Næringsliv

Det er Hotel Raftevold, som har blitt drive av fire generasjonar av Raftevold-familien sidan 1867, som 2. mai blir formelt tatt over av Sævik-familien.

- Med kjøpet av Hotel Raftevold får vi ein god reiselivsakse mellom Fosnavåg, Ørsta og Hornindal der vi kan tilby fjell, fjord og fjøre, seier to av dei nye eigarane i Havila Holding, Hege Sævik Rabben og Vegard Sævik.

Dei gler seg over å kunne ta over eit hotell med god drift og gode moglegheiter.

- Hotellet ligg midt i ein ettertrakta reiselivsregion med kort avstand til ei rekke store turistmål. Dei siste åra har hotellet pussa opp alle roma. Drifta er god og der er mange bestillingar både for i år og neste år.

- Eigarar som tek samfunnsansvar

Det er Jens Brokmann som har eigd og drive hotellet dei siste åra. Han skal etterkvart flytte tilbake til familien i Tyskland og seier det er vemodig å selje. Hotellet har ifølgje han hatt fleire år med god utvikling og totalt sett dobla omsetning.

- Men å selje til Havila Holding betyr ei god og trygg framtid for hotellet, bygda og dei tilsette. Eg valde ikkje det høgaste bodet, men tenkte på korleis hotellet skal drivast og utviklast. No får hotellet nye eigarar som er med å ta eit samfunnsansvar.

Per Sævik og Havila Holding har bygd mange arbeidsplassar innan maritime næringar. No satsar dei også innan reiseliv med desse tre hotella, passasjertransport og hotell på Færøyane, turisttrafikk med «The Fjords» og turistferjer via Fjord1, flytransport i Widerøe og sjølvsagt Kystruten frå 2021.

- Reiseliv er ei næring i vekst, og alle faktorar peiker på at Norge vil ta sin del av veksten og meir til. Den veksten vil vi vere med på, og skape aktivitet og arbeidsplassar.