Frå Rolls-Royce til Havila Shipping

Næringsliv

Olav Haug Vikebakk er tilsett som ny viseadministrerande direktør i Havila Shipping. Det skriv selskapet i ei børsmelding.

Haug Vikebakk vil starte i stillinga frå 1. august 2018. Han kjem til Havila Shipping frå Rolls-Royce, der han for tida er Senior Vice President Customer & Service, Europe& Africa.

Haug Vikebakk er opphavleg frå Ulsteinvik, men er busett på Hareid.