Kleven overleverte «Gitte Henning»

Fiskefartøyet set kursen mot Danmark torsdag

Flaggskifte Reiar Henning Kjeldsen og Kleven sin prosjektleiar Odd-Arne Urdshals gjennomførte flaggskifte om bord i «Gitte Henning» i dag.  Foto: Presse

Næringsliv

Kleven Verft har i dag levert fiskebåten «Gitte Henning» til fartøyet sine danske eigarar, reiarlaget Gitte Henning AS, melder Kleven i ei pressemelding.

Byggnummer 394 «Gitte Henning» er ein kombinert trålar/snurpar med RSW-tankar (Refrigerated Sea Water) for nedkjøling og lagring av fangsten, og er det største pelagiske fiskefartøyet i sitt slag. I følgje pressemeldinga er fartøyet også svært påkosta interiørmessig og held ein høg standard i forhold til kva ein ser elles i fiskeflåten.

«Gitte Henning» forlèt Kleven Verft i morgon, torsdag 10. mai og går sørover til Danmark. Laurdag ventar dåpsgjestar og publikum i Skagen, der reiarlaget arrangerer dåp og open båt ved Toldpier i Skagen Hamn.

Av pressemeldinga går det fram at fartøyet er av typen SALT 0155, og er utvikla i nært samarbeid mellom reiar, designer Salt Ship Design AS og Kleven. «Gitte Henning» har ei lengde på heile 90,5 meter og ei breidde på 17,5 meter, med mykje utstyr frå norske leverandørar om bord, blant anna frå Scana Volda, Brattvåg Electro, MMC, Brunvoll, Mare Safety, Karmøy Winch, Rolls-Royce og Sperre.