Bellona og ABB vil elektrifisere laksenæringa

Laksenæringa kan redusere klimagassutsleppa med 360.000 tonn CO2 i året ved å forsyne mange av dei oppdrettsanlegga som i dag blir drivne med dieselaggregat, med landstraum i staden, viser ein ny studie.

Bellona og ABB meiner det er store klimagevinstar å hente på å forsyne ein stor del av oppdrettsanlegga som i dag blir drivne med straum frå dieselaggregat, med landstraum. Foto: Thomas Bjørkan https://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/deed.en 

Næringsliv

Klimagasskutta svarer til CO2-utsleppa frå 180.000 bilar, viser studien, som miljøstiftinga Bellona har laga saman med teknologikonsernet ABB.

Ifølgje studien blir om lag halvparten av oppdrettsanlegga i Noreg i dag drivne med straum frå land, mens fire av fem av dei anlegga som i dag går på dieselaggregat, òg kan få straum frå nettet. Bellona og ABB viser i studien korleis anlegga kan gjerast heilelektriske med mellom anna batterilading, straumtilførsel heilt ut på merdkanten og lading av elbåtar.

Saman med Enova, som tilbyr støtteordningar for slike nullutsleppsløysingar, legg Bellona og ABB fram studien i Bergen 28. mai.