Havyard Leirvik har ifølgje ei pressemelding innfrid knallharde miljøkrav og vunne i alt tretten kontraktar på levering av utstyr og bygging av Fjord 1 sine nye batteriferjer. Måndag varr den fyrste av ferjene, «MF Husavik», døypt ved kaia på verftet i Sogn.

Ferja er også den fyrste av mange batteriferjer med såkalla autocrossing, eller autmomatisk fjordkryssing. Dette systemet er levert og utvikla av Norwegian Control Systems. Eit system som til ei kvar tid er overvaka av kapteinen. Som kan ta over manuelt om noko skal skje.

Ferja går inn i ferjesambandet Husavik - Sandvikvåg (Austevoll kommune og Fitjar kommune). Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun var gudmor.

- Det har blitt ei flott ferje og vi er godt nøgde med resultatet, seier administrerende direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.