9. mai var Acta Auriga på plass på vindfarmen BARD Offshore 1 i tysk farvatn, på oppdrag for Ocean Breeze Energy. Som ein kan sjå av bilda har den spesialbygde båten alt kome til sin rett, der den ligg tett inntil dei enorme havbaserte vindmøllene. Her utfører dei tilsette om bord serviceoppdrag på vindmøllene.

Acta Marine fortel sjølv at vindskipet alt viser seg som eit nyttig tilskot. Skipet blir beskrive som eit heilt nytt konsept, utvikla av Acta Marine i samarbeid med Ulstein Verft. Eit skip som er optimalisert med tanke på krava for service og logistikk på offshore vindfarmar. I ei pressemelding fortel Acta Marine at Acta Auriga gjer nivået på service og vedlikehald på vindmøllefarmen BARD Offshore 1 endå nokre hakk betre.

Ocean Breeze Energy sin Bremen-baserte erfarne servicepartner REETEC er aktøren som først og fremst nyttar skipet. REETEC har ansvar for vedlikehaldet på Tyskland sin fyrste kommersielle offshore vindfarm, som i alt tel 80 vindmøller.

- Bruken av Acta Auriga er eit viktig element i det vidare arbeidet med å optimalisere logistikk-konseptet på BARD Offshore 1. Fartøyet, som var spesielt utvikla for bruk på offshore vindfarmar, er venta å auke produktiviteten til offshore-personell med rundt 25 prosent, fordi det vil gjere våre team i stand til å operere på eit mykje meir fleksibelt vis, med enno kortare tidshorisontar enn før, seier Jean Huby, administrerande direktør for teknologiavdelinga til Ocean Breeze Energy.

X-Bow og X-Stern

Acta Marine fortel vidare at Ocean Breeze Energy sidan 2015 har nytta supplyskip til vedlikehaldsoppdrag på vindfarmen. Men det nye fartøyet til Acta Marine representerer ei vidareutvikling. For å takle det ofte tøffe vêret i området offshorevindfarmen ligg, kjem Ulstein X-Bow og X-Stern godt med, fortel Acta Marine i pressemeldinga.

Den spesialutvikla SMST 3D-gangvegen og 3D-krana, saman med X-Bow og X-Stern, gjer båten i stand til å trygt transportere last og personell over til vindmøllene, også ved betydeleg bølgjehøgde. Selskapet meiner også at skipet sin lugarkapasitet på 120 personar kjem godt med.

Den spesialdesigna gangvegen kjem til god nytte når personell skal over frå skipet til vindmøllene for å utføre oppdrag. Foto: Acta Marine.