Eigar Anton Tonev ser fram til å kunne opne dørene til sin nye klesbutikk, med eigenutvikla konsept og varer produsert blant anna i heimlandet hans, Bulgaria.

– Eg har ikkje drive klesbutikk før, men eg har erfaring med produksjon av klede. Eg ser veldig fram til å kunne selje kvalitetsprodukt gjennom min eigen klesbutikk, seier Tonev.

Satsar også på nettbutikk

Han fortel at det også blir satsa på nettbutikk.

– I dagens digitaliserte verd bør ein også ha ein plattform på nettet for å følgje med på utviklinga. Gjennom nettbutikken vår får ein sjølvsagt tilgang til alle varene i sortimentet vårt, seier Tonev.

Som også får hjelp av dottera Sofie Gjerde Tonev.

Har registrert merkevare

Anton Tonev fortel at han har hatt ein tanke om å starte klesbutikk tidlegare, men at det ikkje har vore tid til det.

– Det er verkeleg ein draum som går i oppfylling dette, seier han.

Som eit ledd i forarbeidet har Anton Tonev sikra seg merkevarerettane til Denzel’o-namnet. Produksjonen av kleda og skinnskoa han skal ha i butikken sin føregår i Europa, og noko av det i heimlandet Bulgaria.

– No har eg budd i Norge i 24 år, og difor er det ekstra kjekt å kunne importere varer frå mitt kjære heimland. Det er generelt sett viktig å støtte produksjonen av klede i Europa. Mitt bidrag er ikkje stort om ein tenkjer på totalen, men eg meiner likevel det er viktig å bidra. Det stimulerer til meir produksjon i Europa, seier Tonev og legg til:

– Då eg var rundt 20 år gammal kombinerte eg faktisk eit liv som musikar med å produsere skinnjakker, heime i Bulgaria. Så eg har kunnskap til klede, men eg har ikkje selt dei gjennom butikk før.

Produkta frå Denzel’o blir ifølgje Anton produsert ved anerkjende fabrikkar, til dømes fabrikken som produserer for Hugo Boss, Ralph Lauren, Roberto Cavalli og mange andre aktørar.

Midt i smørauget

Han er godt nøgd med å vere på plass i Blåhuset, og meiner plasseringa er viktig når ein startar noko nytt.

– Her i Ulsteinvik, nærare bestemt på Blåhuset, er vi midt i smørauget. Kjøpesenterleiinga har gjort mange spanande grep dei siste åra, og blant anna pussa opp leikeområdet kraftig og sett inn ei ekstra rulletrapp

– i tillegg til at fleire nye butikkar har kome til. Eg er veldig spent på tida framover, og gler meg til fortsetjinga, seier Anton Tonev.

Vil vidareutvikle konseptet

Han har også tankar om å utvikle konseptet og verksemda vidare, og dersom det tek av, er planen for å opne nye butikkar andre stader allereie i tankane hans.

– Men først skal eg konsentrere meg om det som skjer her. Eg har allereie prata med andre butikkar på senteret, og vi har til dømes snakka med dei om å få til spanande fellesarrangement. Kanskje moteshow og liknande. Vi satsar på å opne dørene i løpet av mai, og då blir det sjampanje og musikk!

Seier Anton Tonev, som fortel at opninga blir annonsert i god tid i førevegen.

Registrert merkevare: Anton viser her fram ein berepose med namnet til butikken på. Namnet er merkevareregistrert, fortel butikkeigaren. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll