- Vi presterer godt på dei fleste område

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har fått en god start på året, med eit totalresultat før skatt på 27,2 millionar kroner for første kvartal.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre presterer godt i første kvartal av 2018. Frå venstre ser ein André Skotheim, banksjef for sal og marknad, regionbanksjef Lillian Breivik og administrerande direktør Stig Brautaset.  Foto: Arkiv/Ole-Ottar K. Høgstavoll.

Næringsliv

Og det mot 21,6 millionar kroner i fjor på same tid. Det melder Sparebank 1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding.

Eigenkapitalavkastninga er på 9,9 prosent.

- Banken presterer godt på dei fleste område, og vi har såleis fått ein god start på året. Utsiktene i regionen vår er gode, og det ligg til rette for framleis god utvikling for 2018, seier administrerande direktør Stig Brautaset.

Som fortel at forvaltningskapitalen til banken er på 11,2 milliardar kroner inkludert sal av lån til SpareBank 1 Boligkreditt AS og SpareBank 1 Næringskreditt AS. Samla utlån inkludert SpareBank 1 Boligkreditt og Næringskreditt har vakse med 1,4 prosent i 2018.

Stor aktivitet i personmarknaden

Brautaset fortel at utlånsveksten på personmarknaden i dette kvartalet er på 4,4 prosent på årsbasis. 12-månaders-veksten i personmarknaden er på heile 7,5 prosent, medan innskotsveksten dei siste 12 månadane er på 5,7 prosent. Innskotsdekninga er på 80,0 prosent, mot 80,9 prosent til same tid i fjor.

- Det er stor aktivitet i personmarknaden, og banken aukar sin marknadsandel i dette segmentet. Vi har særs positiv utvikling i det vi definerer som ytre region, Ytre Søre Sunnmøre, og er særs tilfredse med dette. Banken framstår som konkurransedyktig, og organisasjonen arbeider målretta og godt i alle våre marknadsområde, seier Brautaset. På bedriftsmarknaden satsar banken primært på små og mellomstore bedrifter, og vi ser for oss vekst på dette området framover.