Det var for 6 år sidan at Marin Teknikk først fekk ein fot innanfor døra med De Beers, det verdsleiande selskapet innan utvinning av diamantar. Det fortalde administrerande direktør i Marin Teknikk, Svein Rune Gjerde, til eit samla presskorps onsdag, då Marin Teknikk blei tildelt Næringsprisen for 2018 av Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Den fyrste båten Marin Teknikk teikna for De Beers, SS Nujoma, blei bygd ved Kleven Verft. Det 113 meter lange skipet vart spesialdesigna for å leite etter diamantar under havbotn, med avanserte instrument om bord. Båten, som kan huse rundt 80 personar, har vore ute i arbeid for De Beers Group i eitt og eit halvt år allereie, og ligg no utanfor Alexander Bay, på kysten av Namibia i Afrika.

- Nujoma har gjort det godt, og ført til ein langt større produksjon enn det dei håpte på. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå De Beers på den båten, fortel Svein Rune Gjerde.

Han fortalde også at det var Marin Teknikk som først blei kontakta av De Beers, og at avtalen om bygging av den fyrste båten på Kleven kom i stand i ettertid, også etter anbefalingar frå verksemda i Dragsund.

Håper intensjonsavtalen blir til ein kontrakt

Så fornøgd har De Beers vore at dei ønskjer nok ein båt av Marin Teknikk-design. Også denne gongen er det Kleven som kan sjå ut til å få oppdraget med å bygge skipet. Men akkurat det er ikkje hundre prosent avgjort. For avtalen Kleven signerte med De Beers på tampen av fjoråret var ein intensjonsavtale, ikkje ein kontrakt. Marin Teknikk-sjefen er ikkje uroa for at Kleven skal misse denne moglegheita.

- I løpet av juni månad tenkjer eg De Beers har gjort ei avgjersle. Eg håper og trur dette blir til ein kontrakt for Kleven. Det håper eg inderleg, seier Gjerde til Vikebladet Vestposten.

Det fyrste skipet Kleven bygde for De Beers hadde ifølgje rapportane ein prislapp på vel 1,2 milliardar kroner. Dersom Kleven også skal byggje det nye skipet, som etter planen blir heile 175 meter langt, det lengste nokon gong på Kleven, vil dette visstnok få ein prislapp på 1,5 milliardar kroner.

- Vi i Marin Teknikk er i gang med arbeidet på vår del av oppdraget, og vi har også fått betaling for det. Det er i alle fall sikkert at skipet skal byggast, men eg håper som sagt at Kleven får oppdraget, seier Gjerde.

Kleven kan, som Vikebladet Vestposten først melde, komme til å misse kontrakten på eit explorer-fartøy som dei signerte med ein ikkje namngjeven kunde. Prosjektet skulle gjennomførast i samarbeid med det tyske Lürssen-konsernet, men no har Lürssen meldt frå om at dei ikkje ønskjer å vere med på prosjektet lenger.

Så dersom det blir ein kontrakt av denne intensjonsavtalen, vil det vere svært godt nytt for eit Kleven-konsern med store utfordringar.