Det var næringslivsportalen Nett.no som melde om den triste nyheita (ekstern lenkje) for Island Offshore fredag formiddag.

Dei to brønnintervensjonsskipa Island Frontier og Island Wellserver får ikkje lenger jobbe for Equinor (tidlegare Statoil), men blir erstatta av båtar frå eit Kjell-Inge Røkke-eigd selskap, Akofs AS. Dette er arbeid Island Offshore har gjort for Equinor sidan 2006, og som har vore ein heilt sentral del av drifta til Island Offshore.

I tillegg har den såkalla Titanic-jobben blitt utsett.

- Ja, det var triste nyheiter å få, seier administrerande direktør Håvard Ulstein i Island Offshore til Nett.no.

Næringslivsportalen melder at oppstarten på Equinor-kontrakten er i første halvdel av 2020.

- Vi har arbeid for desse to skipa ut 2019, så vi har litt tid på oss for å finne nye oppdrag, seier Ulstein til Nett.no.

Titanic-ekspedisjonen, som Island Pride skulle vere med på, blir utsett med eitt år. Det blei klart sist veke. Oceangate Expeditions har planlagt ein ti veker lang kartleggingsekspedisjon av Titanic-vraket, som ligg på rundt 3.800 meters djupne.