– Det har i ein periode no vore veldig stor kontrahering av mindre passasjerbåtar. Det er eit segment som ligg utanfor den tradisjonelle marknaden til verfta her på Nordvestlandet. Men det aller største volumet i dag ligg akkurat på slik type tonnasje. Noko vi har sett oppblomstringa av berre dei siste åra, seier Kristian Sætre og legg til:

– Så difor å snakke om at det snur for den maritime næringa no, er veldig vanskeleg å seie.

– Imponerande evne til å snu seg

Havyard sitt verft i Leirvik byggjer til dømes 13 ferjer for morselskapet Havila Holding sitt andre dotterselskap, Fjord 1. Kleven på si side skal byggje to ferjer for FosenNamsos Sjø. Sætre trur at næringa som hovudsakleg har redusert sysselsetjinga i heile verftsbransjen, olje- og gass-næringa, vil kome sterkare tilbake.

– Det som er heilt sikkert er at verftsbransjen har hatt ei imponerande evne til å snu seg i forhold til marknaden. I mange år var offshorebåtane dominerande på verfta. Olje- og gassnæringa treng båtar også i framtida, og behovet vil komme tilbake på eit visst tidspunkt. Det har ikkje snudd enno, men det vil snu, meiner Sætre.

Passeleg stor ordrebok

Som er glad for at Ulstein har fått ein fot innanfor fleire nye marknadar.

– Vi har ei passeleg stor ordrebok, men vi må sjølvsagt jobbe på vidare for å sikre oss nye prosjekt. At vi har bygd tre båtar, og snart ein fjerde, for offshorevind, er veldig kjekt. Så er vi godt nøgde med å ha sikra oss kontraktar innanfor passasjersegmentet. Dette er kontraktar som er krevjande og som krev lang tid med førehandsarbeid. Difor kan ein ikkje køyre for mange prosjekt om gangen. Vi har vore nøydde til å rasjonalisere og prioritere kva vi skal jobbe med. Vi har også takka nei til moglege prosjekt, fordi vi måtte prioritere prosjekta vi alt hadde gjort avtalar på. Moglegheitene er der ute, det ser vi, seier Kristian Sætre avslutningsvis.

Ulstein Verft sett frå lufta, sommaren for to år sidan. Til hausten blir det trongt om kaiplassen på verftet igjen. Foto: Ulstein Group.