– Vi må vere rusta til ein spennande haust, seier administrerande direktør ved Ulstein Verft, Kristian Sætre.

Ulstein har per i dag 265 medarbeidarar innanfor skipsbyggingsområdet. Verftet har som mange andre aktørar innanfor den maritime bransjen diverre vore nøydd til å gjere nedskaleringar dei siste åra. Men no ser vinden ut til å snu, i alle fall for ei tid framover.

Vil tilsetje 50 nye

Auka aktivitet gjer at Ulstein Verft ser etter rundt 50 nye kollegaer innan fleire fagfelt. For til hausten kjem nemleg skroget til Acta Marine sitt andre offshorevindfartøy og eit noko større skrog, verdas største plug-in hybridferje, til Ulstein Verft. Sistnemnde er det ålesundaren Olav Nils Sunde sitt ferjeselskap Color Line som har kontrahert.

– No hentar vi oss inn igjen etter ein tøff periode, med ganske store reduksjonar i talet på tilsette. No har vi fleire prosjekt på beddingen som gjer at vi må tilsetje nye. Dette både med tanke på dagens ordrebok, men også på det som vi håper skal kome av nye prosjekt. Vi må tilbake i full drift ut på seinhausten, det er det som er bodskapen, seier Kristian Sætre, som legg til:

– Når yachten som er under bygging no blir levert seinare i år, vil det kome ein periode med mindre aktivitet. I denne perioden vil det diverre bli nokre permitteringar i produksjonen før igjen er i full drift på hausten.

Over nyttår kjem skroget til eit luksus-ekspedisjonsfartøy som skal gå i polare strok, med planlagd levering i 2020. Dette fartøyet byggjer Ulstein for Lindblad Expeditions, og skipet blir ein del av deira Lindblad Expeditions-National Geographic-flåte. Ulstein Verft sikra seg også ein opsjon på ytterlegare to slike skip. Elles nemner verftsdirektør Sætre at yachten som er under bygging i dokkhallen skal leverast seinare i år. Denne båten er designa av Ulstein Design & Solutions i samarbeid med den verdskjende yachtdesignaren Espen Øino, og skal overleverast til ein ikkje namngjeven kunde.

Vil tileigne seg meir kompetanse

Ulstein har tatt steget over i nye marknadssegment, som eit ledd i omstillingsarbeidet etter nedturen innanfor olje- og gassnæringa. Det viser seg ved at verftet og designavdelinga har sikra verksemda fleire viktige kontraktar siste åra. Men med ein overgang til nye, og kanskje noko ukjente segment, kjem også kravet om ny kompetanse.

– Vi har som følgje av marknaden bevega oss over i nye og svært spennande marknader som offshorevind, yacht og ekspedisjon, i tillegg til passasjer- og transport. Då blir det naturlegvis stilt andre krav til oss, og vi har vore nøydde til å tilpasse kompetansen vår og arbeidsmetodane våre, seier Kristian Sætre.

Som gler seg stort over at Ulstein Verft no treng meir folk.

– Det er veldig gledeleg å tilsetje folk igjen. Det er kjekt å vere i ein situasjon der vi ikkje berre har lyst til å tilsetje fleire medarbeidarar, men at vi faktisk treng å gjere det. Eg trur faktisk det er mange som no les stillingsannonsane vi har ute, som er glade for å kunne søkje på slike typar jobbar igjen. Det er nok fleire potensielle søkjarar som har mist litt trua på verftsbransjen no som det har vore så tøft, som no kanskje har fått fornya tru. Verftsbransjen er verdas mest interessante segment å jobbe i. Det er ingen annan stad innanfor industrien der ein har større utfordringar. Fagpersonar som jobbar på eit verft veit at den kompetansen dei tileignar seg er verdifull for store delar av industri-Norge, seier verftsdirektøren.

– Å rekruttere nye medarbeidarar og utvikle industrien på Søre Sunnmøre vidare samstundes er veldig kjekt, meiner han.

Dei 50 nye medarbeidarane Ulstein ser etter er alt ifrå funksjonærar til operatørar.