(Sunnmørsposten): Striden mellom fagforeininga Safe og Island Offshore Crewing AS er sett opp i arbeidsretten i Oslo tysdag 12. juni.

Sunnmørsposten får opplyst frå partane sine advokatar at det har vore forhandlingar via vanlege prosedyrar, utan at dei vart samde. Dei siste månadane har det ikkje vore kontakt om saka.

– Slik eg oppfattar saksframlegget ligg det ikkje an til eit forlik før rettssaka, seier advokat Pål Tangen i Norsk Rederiforbund. Heller ikkje advokat Bernt Hodne i Safe gir uttrykk for at han har noko tru på det – men ingen av dei vil prosedere saka på førehand.

– Fleire tusen kan bli råka

Isolert sett handlar saka om 160 tilsette i reiarlaget i Ulsteinvik, men tillitsvald Alf Rune Kalland for Safe i Island Offshore ser meir vidtrekkande konsekvensar.

– Vi er ein liten mygg, men det er fleire tusen riggarbeidarar som kan bli råka av dette. Det gjekk berre kort tid så var fleire selskap i gang med dei same greiene. Om dette var eit einskild tilfelle kunne vi kanskje latt det passere, men eg meiner dette er ein måte å sette døra på vidt gap for å rasere tariffavtalen vår, seier Kalland til Sunnmørsposten.

– At slike konfliktar som dette oppstår, er eit utslag av marknadssituasjonen – sjølv om situasjonen no er betydeleg betre enn for eitt år sidan, legg han til.

Fekk dårlegare løn og vilkår

Fagforeininga har stemna reiarlaget for det dei meiner er brot på tariffavtalen og ulovlege permitteringar.

Konflikten oppstod etter at Island Offshore-tilsette som jobba på flyteriggavtalen vart permitterte. Etterpå fekk dei søke på jobbane som skulle bemanne dei same skipa som då skulle i opplag, klassing og vedlikehald.

Men i dei nye jobbane gjaldt ei anna tariffavtale – for oljeservice – som gir dårlegare løn og ei anna skiftordning. I staden for at dei tilsette gjekk to veker på jobb og hadde fire veker fri, måtte dei jobbe i ei 1:1-ordning med tre veker av og tre veker på. Safe meiner det verken var lov å endre tariff-avtale, eller å kutta løna.

– Gjeld berre på sokkelen

Reiarlaget meiner dei har lova på si side og får støtte frå Norsk Rederiforbund som også vert representert i Arbeidsretten. Island Offshore-leiinga sin ståstad er at flyteriggavtalen berre gjeld når skipa er i arbeid ute på sokkelen.

Då skipa Island Frontier og Island Wellserver var ferdig med oppdrag for Statoil i fjor haust var dei med andre ord «vanlege oljeserviceskip» att – etter reiarlaget sitt syn.

Island Offshoredirektør Håvard Ulstein har tidlegare uttalt at reiarlaget vart nøydd til å ta eit slikt grep for å sikre arbeidsplassane på lengre sikt.

– Ei utskjelt yrkesgruppe

Ålesundaren Alf Rune Kalland i Safe meiner det har vore ei radikal endring for riggarbeidarane dei siste åra, og at dei ikkje fortener eit stempel som «lønsadel». Mellom anna påpeiker han at i tillegg til arbeidstimane ute på oljeinstallasjonane, så kjem det mykje reisetid i tillegg.

– Eg meiner at nordsjø- arbeidarar ufortent har vorte ei utskjelt yrkesgruppe. Det vert hevda at vi er ein skitten bransje, men samstundes er det stor etterspurnad etter all slags produkt som inneheld olje, seier han.

Usemje mellom fagforeiningar

Det har vore ulike syn på saka mellom fagforeiningane og ifølgje Safemagasinet var fire tillitsvalde frå den lokale Industri Energi-klubben mellom dei som vart tilsett i nye jobbar på oljeservice-avtalen.

I ettertid har Safe vore kritisk til korleis andre selskap har handtert tilsvarande situasjonar. I ei krass uttale i februar vedtok det såkalla områdeutvalet at dei var «svært bekymra» over fleire lokale løysingar dei meiner undergrev tariffavtalen.

Denne artikkelen blei først publisert av Sunnmørsposten.