Kontrakt til Havila Fortune

Skal jobbe seks månader for Axxis Geo Solutions.

Havila Shipping har sikra seg ei kontrakt for Havila Fortune med Axxis Geo Solutions.  

Næringsliv

Havila Shipping ASA har inngått kontrakt med Axxis Geo Solution AS for PSV-fartøyet Havila Fortune. Det skriv Havila Shipping i ei børsmelding.

Havila Fortune blir tatt ut av opplag for å settast inn i kontrakten.

Ifølgje Havila Shipping er kontrakten på seks månader, men med opsjonar etter den faste perioden.

Oppstart for kontrakten til Havila Fortune er 1. juni.