Dimo AS etablerer seg med ny avdeling i Saunesmarka – inviterer til open dag neste torsdag:

– Veksten gjer at vi treng meir plass

Dimo AS, som har hovudkontor på Hareid, er no også på plass i Saunesmarka. Verksemda har med det dobla arealet dei rår over, og opnar i tillegg butikk i dei nye lokala.

Service Mange serviceavtalar er god butikk for Dimo. Her inspiserer Kristian Breivik ein komponent som er inne til overhaling.  Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll

Næringsliv

Torsdag i neste veke opnar Dimo si nye avdeling i Saunesmarka dørene for publikum. Då lokalavisa tok turen innom onsdag var dei tilsette godt i gang med å gjere lokala klare til den store opningsdagen. Det 700 kvadratmeter store verkstadlokalet, som Rolls-Royce nytta fram til i fjor, er det Dimo som no skal ha. Også kontorlokala i første etasje i bygget er det Dimo som skal nytte. I dei nye lokala blir det servicesenter og Parkerstore, ein butikk for produkta Dimo fører for det internasjonale selskapet Parker.