Flytta frå Ørsta til Ulsteinvik:

– Vi ønskte å kome nærare den maritime klynga

Frøy Vest AS og Frøy Vest Rederi AS er to av selskapa i den familieeigde Frøy-gruppen, som er Norges største tilbydar av servicetenester til havbruksnæringa. No var tida komen for å flytte Ørsta-kontoret til Borgstein, der dei to selskapa er midt i smørauget i den maritime klynga.

Opererer 19 fartøy Frøy Vest AS opererer totalt 19 små og store servicefartøy. Her ser ein Frøy Pioner i arbeid.  Foto: Tijmen Kielen/Frøy Vest Rederi AS.

Næringsliv

Frøy-gruppen dekkjer i dag store delar av Nord-Norge, Trøndelag, Møre og Romsdal, og Sogn og Fjordane. Med oppkjøpet av Seadive AS i februar, eit firma som leverer dykkartenester, er konsernet også godt posisjonert for å vekse ytterlegare i kystområda i Hordaland, og etter kvart også i Rogaland. Frøy-gruppen har ein strategi om å bli ein landsdekkjande leverandør av servicetenester.