Havyard ventar fullt køyr til hausten

Havyard-konsernet la fram svakare resultat enn venta, men har rekordstor ordrebok.

Havyard Group har kapra ei rad med nye kontraktar, ikkje minst på bygging av ferjer. Konsernet skal byggje ferjene som skal gå i sambandet Hareid-Sulesund (biltet) frå og med 1. januar 2019.  Foto: Arkiv/Havyard.

Næringsliv

(Sunnmørsposten): Resultat før skatt i første kvartal enda på minus drygt åtte millionar kroner av ein omsetnad på 467 millionar, viser tala som blei presentert i ei børsmelding tysdag.