Cruise Industry News melde for nokre dagar sidan at også det andre ekspedisjonsskipet til Kleven har fått utsett levering. Frå før av var det kjent at MS "Roald Amundsen" ikkje blir levert i 2018, men ut på våren i 2019. Det skal ha vore snakk om ei utsetjing av levering på åtte månader.

No er det altså det andre skipet, MS "Fridtjof Nansen" som ikkje blir levert til først avtalt tid.

Det var gjennom eit brev Hurtigruten sende til reisebyråa og gjestar som har booka turar med det andre skipet 24. mai, at nyheita om utsetjinga kom fram.

- Ei følgjeforseinking

Kommunikasjonssjef i Hurtigruten AS, Rune Thomas Ege, bekreftar utsetjinga, på spørsmål frå Vikebladet Vestposten.

- Kleven Verft informerte oss nyleg om at forseinkinga på MS "Roald Amundsen" gjer at heller ikkje MS "Fridtjof Nansen" blir levert innan fristen som var avtalt. Dette er ein direkte følgje av dei allereie kjente forseinkingane på MS "Roald Amundsen", seier Ege i Hurtigruten.

På grunn av den forseinka leveringa vil MS "Midnatsol" segle MS "Fridtjof Nansen" sine planlagde turar i Antarktis vinteren 2019/2020. Dei råka gjestane vil få full refusjon – inkludert kostnadane relatert til eventuelle kanselleringar av fly. I tillegg får dei tilbod om å bli booka om til andre seglingar, samt rabattar på andre ekspedisjonsseglingar eller rundturar langs norskekysten med Hurtigruten.

- Dei råka seglingane har berre vore ute for sal i nokre få månadar. Dei ligg også eit stykke fram i tid. Difor er det færre gjestar som blir ramma denne gangen enn ved den opphavelege forseinkinga på MS "Roald Amundsen", seier Ege.

Komplekst prosjekt

- Vi kan dessverre stadfeste at forseinkinga i bygginga av MS Roald Amundsen, også vil få fylgjer for leveringa av søsterskipet MS Fridtjof Nansen.

Det seier påtroppande konsernsjef Karsten Sævik, til Vikebladet Vestposten.

- Som tidlegare vist til så er det kompleksiteten i prosjektet med mykje nytt utstyr og regelverk som har gjort prosjekterings- og byggeprosessen noko meir tidskrevjande enn først berekna. I tillegg er ekspedisjonsskip av denne typen eit nytt segment både for oss som verft, designselskap og ei rekkje underleverandørar, seier Sævik.

Kleven: - Ikkje hald i rykta

Det har også versert rykter om at ein grunna vektproblem har vore nøydd til å gjere store modifikasjonar på MS "Roald Amundsen", ved å byte ut stålet i dei to øvste etasjane med aluminium. Noko Dagens Næringsliv (ekstern lenkje) også skreiv tysdag ettermiddag. Dette stemmer ikkje, fortel Kleven sjølv til Vikebladet Vestposten.

- Vi skal ikkje fjerne stål og det er ikkje beslutta omfattande modifikasjonar som påstått her, seier konsernsjef Karsten Sævik.