Vikebladet Vestposten kunne tysdag fortelje at også det andre ekspedisjonsskipet Kleven byggjer for Hurtigruten har fått utsett levering. I samme artikkel kom det også fram at det den siste tida har versert rykter om at ein grunna vektproblem har vore nøydd til å gjere store modifikasjonar på MS "Roald Amundsen", ved å byte ut stålet i dei to øvste etasjane med aluminium.

Dagens Næringsliv slo dette opp på framsida si i dag, og det får Kleven til å reagere sterkt.

- Skipet er ikkje for tungt. Det har ikkje «vektproblem». Det finnast inga «vekttabbe». Skipet skal ikkje byggast om. Vi skal ikkje «fjerne éi eller to etasjar på toppen». Vi skal ikkje erstatte stål med aluminium, seier Kleven sin konsernsjef, Karsten Sævik, til Vikebladet Vestposten.

Han fortel at skipet tilfredsstiller alle krav til stabilitet og vekt.

- Det er ingen planar om omfattande modifikasjonar. Dette er rett og slett heilt feil, seier Sævik.

- Som kundane våre, blir styret heldt orientert om våre prosjekt. Det inkluderer moglege utfordringar vi kan møte på, som forsinkingar eller vekt. Styret blei orientert om vekt som éin av fleire moglege utfordringar. Styret er også orientert om at vekt likevel ikkje blei eit problem, og at ombygging ikkje er naudsynt, seier Sævik.

Kjenner seg ikkje igjen i framtillinga

Dette bekreftar også styreleiar Leif Teksum, som meiner Dagens Næringsliv framstilte det han sa feil.

- Styret blei orientert om at det kunne vere utfordringar med vekta og at ein såg på ulike løysingar. Men som eg også har fortalt Dagens Næringsliv, blei vi seinare orientert om at verken ombyggingar eller andre større tiltak var naudsynt. Så eg kjenner meg ikkje igjen i DN si framstilling av fakta i saka, seier Teksum.

Rolls-Royce reagerer også

Kommunikasjonssjef i Rolls-Royce Marine, Anette Bonnevie Wollebæk, avviser også påstandane. Det er Rolls-Royce som står for designet på dei nye ekspedisjonsskipa Kleven bygger for Hurtigruten.

- Vi kjenner oss ikkje igjen i det Dagens Næringsliv skriv om vekt. Vi kjenner heller ikkje til noko planlagd ombygging. Vekt og stabilitet er sjølvsagt eit tema i både design- og byggefasen av eit skip, men vi er godt innanfor krava i både regelverket og klassenotasjonen for Hurtigruten sine nye skip. Båten er ikkje for tung, seier Wollebæk.