ABB Marine i Ulsteinvik:

Signerte sin andre kontrakt med tyrkisk verft og fransk reiarlag

ABB i Ulsteinvik skal gjennomføre prosjektet, som går på utrusting av eit avansert, energieffektivt servicefartøy til verdas største offshorevindpark - ein kopi av prosjektet ABB signerte med samme verft og reiar i 2017.

Her er eit kart som viser kvar fartøyet skal ut i jobb når det er ferdig, på Hornsea Project Two, utanfor kysten av Storbritannia.  Foto: Illustrasjon/ABB.

ABB Marine i Ulsteinvik har skrive kontrakt med skipsverftet Cemre og Louis Dreyfus Armateurs om utrusting av dette skipet, eit offshorevindfartøy, som skal byggast i Tyrkia og operere utanfor kysten av Storbritannia.  Foto: Skisse/Ørsted.

Næringsliv

- Det viser at vi framleis står sterkt her i Ulsteinvik, og at vi kan jobbe med aktørar frå heile verda, fortel Pål Ove Husøy, som er ansvarleg for kontakten med verfta i ABB Marine Ulsteinvik.

Det er altså for andre gang at ABB i Ulsteinvik skal levere hybridteknologi med integrert batterilagring og omfattande løysingar for effektiv og sikker drift av eit fartøy til det franske reiarlaget Louis Dreyfus Armateurs (LDA).

Det 83 meter lange servicefartøyet får ei rekkje ABB-løysingar om bord, blant anna det prisvinnande Onboard DC Grid, eit likestraums kraftsystem utvikla i Norge.

Når skipet er ferdig bygd ved verftet Cemre i Tyrkia, skal det operere på Hornsea Project Two utanfor kysten av Storbritannia. Når vindparken står ferdig i 2022, vil den vere verdas største, med kapasitet til å forsyne over 1,3 millionar britiske bustadar med straum.

- I forkant

Sindre Sætre, leiar for ABB si marineverksemd i Norge, meiner at kontrakten viser at ABB heng med.

- Kontrakten med LDA viser igjen vår satsing på ei meir bærekraftig framtid og at vi ligg i forkant på maritime løysingar som støttar overgangen til lågutsleppssamfunnet, seier Sætre.

- Krava er under utvikling

ABB leverer også elektriske motorar for sidepropellar, generatorar, transformatorar, batteri, ABB Ability, marineavgjerdsstøttesystemet Octopus og fjerndiagnostikksystem - i tillegg til eit kraftstyringssystem (Power and Energy Management System, PEMS), som gjer at genratorane kan ha batteribackup. Sistnemnde fjernar behovet for reservekapasitet.

- LDA posisjonerar seg i forkant av servicesektoren for vindkraft med fartøy-yting og –effektivitet, fortel Hervé Lapierre, leiar for nybygg hos Louis Dreyfus Armateurs.

– Krava til tenester innan vindkraft er framleis under utvikling. Det betyr at servicefartøy som blir bygd for denne marknaden, må vere både kostnadseffektive, innovative og fleksible, seier Lapierre.

Fartøyet er designa av norske Salt Ship Design, og skal byggast ved Cemre skipsverft i Tyrkia. Som forgjengaren, bestilt i 2017, vil Louis Dreyfus Armateurs sitt andre servicefartøy for offshorevindkraft arbeide for Ørsted A/S, Danmark sitt største energiselskap.