Leverte Maersk Minder

Det fjerde av seks fartøy til Maersk vart levert frå Kleven verft torsdag.

Maersk Minder ved kai på Kleven. Torsdag vart skipet døypt og levert til Maersk. 

Næringsliv

I ei pressemelding frå Kleven går det fram at Maersk Minder vart døypt ved kaia på Kleven verft torsdag ettermiddag. Seremonien vart leia av konsernsjef Karsten Sævik og gudmor for det nye fartøyet var Anni Bak.

"Dette fartøyet er nummer fire i serien, og verftet har igjen demonstrert evna til å bygge svært avanserte og sofistikerte fartøy. Vi er veldig takksame for innsatsen til alle leverandørar og våre eigne tilsette samt støtta vi har motteke frå Maersk sitt team her på verftet. Vi er stolte av å ha slike hederlige oppdragsgjevarar på verftet vårt," seier konsernsjef Karsten Sævik i pressemeldinga.

Maersk Minder er det fjerde skipet som er levert frå Kleven til Maersk, og som Maersk Master, Maersk Mariner og Maersk Mover, går fartøyet rett ut i arbeid.

"Å gjennomføre eit nybyggprosjekt av ein prototype er definitivt ikkje ei enkel oppgåve. Opent og ærleg samarbeid er heilt nødvendig, og det gledar meg å seie at samarbeidet mellom Kleven og Maersk Supply Service har vore framifrå. Ved å ha ein konstruktiv dialog rundt utfordringar som naturleg oppstår i eit slikt prosjekt, så føler eg vi har lagt kjølen for desse høgkvalitets fartøya," seier Chief Operating Officer i Maersk Supply Services, Claus Bachmann i pressemeldinga.

Bachmann seier også:

"Nye høgkvalitets fartøy er alltid spennande, men det er først når vi står overfor kundane at vi verkeleg må vise kva vi er gode for. Fartøya må yte 100% frå dag ein, og skape meirverdi for kunden. Eg er glad for å kunne seie at alle dei tre tidlegare leverte fartøya i Starfish-serien har oppfylt alle forventningar og haustar gode tilbakemeldingar frå kundar, med skryt av gode fasilitetar og særs god drivstoffeffektivitet."

Same dag som det fjerde skipet i serien vart døypt og levert, vart skip nummer seks i rekkja sjøsett ved Kleven verft.