Ny leiar i Mare Safety

Mare Safety har tilsett Are Nørvåg Garshol som ny administrerande direktør frå 1. august. Illustrasjonsfoto: Mare Safety. 

Næringsliv

Mare Safety har tilsett Are Nørvåg Garshol som ny administrerande direktør i verksemda frå 1. august. Det skriv Mare Safety i ei pressemelding.

Garshol kjem frå stillinga som administrerande direktør i selskapet Olav E. Fiskerstrand AS. Garshol har tidligare også hatt leiande stillingar innanfor den maritime bransjen.

I pressemeldinga skriv Mare Safety at Garshol ser fram til å, saman med resten av organisasjonen,  å styrke Mare Safety AS sin posisjon som en attraktiv leverandør for sine produkt og tenester i den lokale og internasjonale markanden.

Reidar Vågeskar som har vore leder for selskapet i mange år, fortsetter i selskapet med ansvar for sal samt utvikling og oppfølging av Mare Safety AS sine storkundar.

Selskapet opplever en betring av marknaden og ordreinngangen har derfor vore svært positiv for alle av selskapets produktområder i 2018. Satsing på nye marknader har også gitt gode resultat og bidreg også til auka aktivitet for selskapet, skriv Mare Safety i pressemeldinga.