Markering i Tyrkia tysdag:

Sjøsette første nyeferja til Hareid-Sulesund

Skipsverftet Cemre Shipyard i Tyrkia sjøsette tysdag den fyrste av i alt tre ferjer som skal gå i sambandet Hareid-Sulesund.

Her står ferja klar til å sjøsetjast ved Cemre Shipyard i Tyrkia.  Foto: Havyard.

Ferjene får ein kapasitet på 120 bilar.  Foto: Havyard.

Næringsliv

I alt fem ferjer av typen Havyard 936 skal gå i sambanda Hareid-Sulesund og Aursneset-Magerholm. Ferje nummer to blir sjøsett om rundt ein månads tid. Frå og med 1. januar 2019 skal tre flunkande nye ferjer inn i sambandet mellom Hareid og Sula.

Den fyrste ferja blir no slept til Norge for utrusting.

Dei "grøne" ferjene til Fjord 1 får ein kapasitet på 120 bilar, og skal gå over fjorden med minimalt energiforbruk.

Godt og langt samarbeid

Cemre Shipyard har snart bygd 50 skrog for Havyard sidan 2005. Prosjektleiar Erlend Hatleberg ved Havyard Ship Technology ser fram til å starte utrustninga i Norge.

- Tida vi har til gjennomføring på dette prosjektet gir ikkje rom for forseinkingar, og vi er svært nøgde med at skroget er levert etter planen. No gler vi oss til å få skroget heim og å gå i gang med den til no største ferja og batteriinstallasjonen vi har hatt, seier Hatleberg.

Havyard står for både bygget og designen. Norwegian Electric Systems (NES) har full levering av framdriftssystem, batterisystem, generatorar, DC-tavler, ladesystem med meir. Norwegian Control Systems (NCS) leverer bruløysninga Concept Bridge, medan det er Rolls Royce som leverer AutoCross-system til Fjord 1 på Havyard 936-fergja.