Nett.no:

Trur denne båten blir bygt i Ulsteinvik

Næringslivsportalen Nett.no meiner Nexans sitt nye kabelleggjarskip kan bli bygt i Ulsteinvik.

Næringslivsportalen Nett.no meiner denne kabelleggjaren skal byggast i Ulsteinvik.  Foto: Skisse/Skipsteknisk.

Næringsliv

Det er næringslivsportalen Nett.no (ekstern lenkje) som meiner å vite at økonomiske problem ved det kroatiske verftet Uljanik har gjort at Nexans sin nye kabelleggjar høgst truleg skal byggast ved eit sunnmørsk verft - og nærare bestemt i Ulsteinvik. Norske verft har i følgje avisa blitt kontakta, og Ulstein Verft skal vere høgaktuelt som ny byggestad. Skipet skal bli 149,9 meter langt og 31 meter breitt, og skal eigast og drivast av det franske selskapet Nexans.