Ny konstituert dagleg leiar i Mafoss

Jan Thormodsæter blir dagleg leiar i fråvêret til sjukmelde Terje Høybakk.

Jan Thormodsæter er ny konstituert dagleg leiar i Mafoss.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Næringsliv

Maritim Forening for Søre Sunnmøre har fått ny konstituert dagleg leiar. Terje Høybakk er langtidssjukmeld, og kollega Jan Thormodsæter tek dermed over som konstituert dagleg leiar.

Jan har vore i MAFOSS som Info- og opplæringsansvarleg i snart 8 år og kjenner organisasjonen, medlemmane og oppgåvene godt, står det skrive i ei pressemelding.

Styret har tillit til at administreringa av MAFOSS blir godt ivareteke med denne løysinga, inntil dagleg leiar er friskmeldt.