Det er næringslivsportalen Nett.no som melder dette. (Ekstern lenkje).

Det skal altså vere snakk om ein toårskontrakt for det 85 meter lange plattformforsyningsskipet Rem Mistral med Maerks Oil. Skipet har ifølgje nettstaden eit dekk på heile 1.005 kvadratmeter. Konsernsjefen i reiarlaget er godt nøgd.

- Ein kontrakt til å leve med. Her har vi så pass inntekter at vi dekker utgiftene og i tillegg har litt til overs slik at vi kan betale ned på gjelda, seier konsernsjef i Rem Offshore, Arild Myrvoll, til Nett.no.

Som samstundes fortel at ratenivået i Nordsjøen er høgare enn ein har sett ei stund. Alle dei i alt seks skipa nye Rem Offshore eig er i drift, fortel Myrvoll.