Havila Holding hadde eit rekordresultat på nesten 2,1 milliardar kroner i 2017, først og fremst takka vere aksjenedsal og børsnotering av Fjord1, skriv Finansavisen.

Driftsinntektene auka frå 3,9 milliardar kroner i 2016 til 5,2 milliardar kroner i fjor, og minusresultatet på vel 1 milliard i 2016 vart snudd til grundig pluss.

– Inntektene er brukbare. Og resultatet må vi kunne seie oss tilfredse med. Det er ikkje så verst til å vere ei lita bedrift her ute på kysten på Nord-Vestlandet, seier Havila-sjef Per Sævik (77) til Finansavisen.

Mykje av overskotet kjem frå nedsalet av aksjar i Fjord1 etter at Havila Holding overtok dei siste aksjane til Sogn og Fjordane fylkeskommune i ferjeselskapet. Straks Havila var eineeigar, selde selskapet seg ned til ein eigardel på 51,5 prosent.

Sidan Havila kjøpte Fjord1 i 2011, har aksjeverdien auka med vel 84 prosent, tilsvarande ein verdiauke på vel 2,4 milliardar kroner, ifølgje avisa.

– Dette vart gjennomført slik som vi hadde tenkt. At vi tente nokre kroner, tar vi som ein bonus. Og det er hyggeleg at dei som trudde på planen vår og kjøpte aksjar, har fått del i gevinsten og verdioppgangen, seier Sævik.

Havila-konsernet omfattar reiarlaga Havila Shipping og Volstad Maritime, verftskonsernet Havyard Group, majoritetsposten i Fjord1 og fleire investeringar i eigedommar og hotell i og utanfor Noreg.

Gjennom Fjord1 er Havila òg involvert i reiselivsselskapa The Fjords og Fjord Tours og i flyselskapet Widerøe. Havila signerte dessutan i vår kontrakt på éin av dei tre nye hurtigrutepakkane og skal eige og drive fire nye hurtigruteskip frå 2021.