Heile 49 prosent eigde Statkraft i det Molde-baserte kraftselskapet Istad AS. Dei resterande aksjane er det Molde kommune (34 prosent) og Moldekraft AS (17 prosent) som har kontroll over.

- Prisen er konfidensiell, men kjøpar og seljar har blitt samde om ein akseptabel pris for begge partar, seier konsernsjef i Tussa, Elling Dybdal.

Tussa Kraft sitt kjøp av aksjeposten er motivert av det langsiktige ønsket om å utvikle ein solid energiverkstruktur i Møre og Romsdal.

Aksjeoverdraginga kan først gjennomførast etter at naudsynte godkjenningar ligg føre frå styresmaktene og aktuelle styre.