- Vi starta med kun tre tilsette. I dag tel vi nærmare 120, fordelt på rundt 100 i Norge og 20 i Kroatia. Vi er svært stolte over den eventyrlege utviklinga, seier ulsteinvikaren Erik Haakonsholm, som er dagleg leiar i Vard Design.

Nyleg kunne dei tilsette sjå 200 skip skapt av Vard Design over skjermen i ei intern markering. Vard har selt skipsdesign av plattformforsyningsskip, offshorefartøy, fisketrålarar, krillfartøy, isbrytarar, avanserte dykkarfartøy og innovative forskingsskip.

Haakonsholm meiner suksessen til Vard Design skuldast eit ungt miljø, entusiasme, vilje, eit enormt pågangsmot og stor innsats frå dei tilsette.

- Saman har vi klart å utvikle nye konsept, komme oss inn på nye marknadar – og levere godt design, seier Haakonsholm.

- Vi måtte tenkje nytt

Selskapet som opprinneleg blei etablert for å støtte verfta i VARD med prosjektutvikling gjekk i 2005 over til å utvikle eigne design. Marknadsføringa skulle skje i ein 100-dagarsplan.

- Det rakk vi aldri, for oppdraga kom på løpande band frå starten av, seier Haakonsholm.

Nedgangen i offshorenæringa i 2014 og 2015 var som kjent ei tøff tid for bransjen.

- Vi måtte tenkje nytt. I 2016 blei det difor implementert ein ny strategi, der VARD spreidde fokuset og satsa på fleire nye marknadar - blant anna ekspedisjonscruise og havbruk.

Vard har også laga cruisebåtar, og no også Kjell Inge Røkke sitt nye forskings- og ekspedisjonsskip.

Ulsteinvikaren Erik Haakonsholm, dagleg leiar i Vard Design. Foto: Vard Design.