Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen starta fredag på ein turné rundt om i landet og måndag dukkar han opp på ytre Søre. Der skal han først på dag ha eit møte med Havila i Fosnavåg som nyleg vart tildelt kontrakt for Kystruten. Etter turen til Herøy kjem Solvik-Olsen til Ulsteinvik for å snakke med Gunvor Ulstein om det lokale næringslivet og dei utfordringane dei har innen transport. Etter å ha tatt ferja frå Hareid til Sulesund, vert dagen avslutta  på Norges Maritime Kompetansesenter i Ålesund

Eitt av måla med reisa, som tek samferdselsministeren med gjennom åtte fylke i løpet av sju dagar, er å oppleve infrastrukturen og snakke med dei som byggjer den og dei som brukar den.

På programmet står mellom anna sykling på Atlanterhavsvegen dersom vêret tillet det, togtur på Raumabanen, besøk på Trollstigen og tur til Geiranger.

- Det er viktig for meg å vere ute der samferdsla faktisk skjer. Å sjå utbyggingsprosjekta med egne auge og snakke med dei som utfører arbeidet, gir meg verdfulle innspel som eg tek med meg vidare i arbeidet mitt frå kontoret. Det same gjeld erfaringa eg får ved å sjølv køyre på vegane og oppleve togstrekningane som passasjer. Men det viktigaste er å snakke med folk om deira reisekvardag, seier samferdselsministeren.