Saka er henta frå Møre-Nytt

– I løpet av juli vil vi vite om vi greier å produsere brusa, seier Thomas Busker Larsen, primus motor bak relanseringa av fleire Brænne-produkt.

I 2015 vart safta «Type Rød» sleppt på marknaden att, og seinare kom både «Type Gul» og «Eplerose» attende i hyllene. Mange har i tillegg etterlyst brusa «Luks», som ikkje har vore produsert sidan Volda Mineralvatn la ned drifta i 2009.

Problemet er at ingen lenger har oppskrifta på miksturen som gav den distinkte smaken. Ho har rett og slett gått i gløymeboka.

– Vi har ringt til mange utan å lukkast i å finne henne. Men vi har ikkje gitt opp enno, seier Busker Larsen.

Ei løysing dei arbeider med, er å rekonstruere smaken ved hjelp av gode bruskjennarar.

– Det er vanskeleg å finne tilbake til ein nøyaktig smak. Vi må treffe heilt, ikkje berre nesten. Dette har vi ikkje greidd enno, men vi gir ikkje opp. Får vi det til, tenkjer vi å produsere Luks fram mot jul. Kanskje hamnar brusa under juletreet. Vi prøver så godt vi kan å få det til, seier han.

Flux og Luks

Det er Roma Mineralvannfabrikk i Lillestrøm som no produserer Brænne-safta og brusa. Tidlegare var småfabrikantane kollegaer, og delte på oppskrifter, m.a. til Asina. Roma produserer i dag sin eigen variant av Luks, som dei kallar Flux Soda og sel gjennom Europris, men smaken er ikkje heilt lik.

– Utgangspunktet var nok det same, men så laga produsentane kvar sine variantar.

Sjølv om Luks-brusa ikkje var ein storseljar då ho vart produsert i Volda, er det mange som vil ha henne tilbake. Truleg ligg det mykje nostalgi bak.

– Smaken av Luks, er smaken av åttitalet, meiner Busker Larsen.

Eplerose kjem attende

Ein annan brus som heilt sikkert gjer comeback, er Eplerose. Ho kjem til å verte produsert att i august i år. Då også i ein variant utan sukker.

Thomas Busker Larsen synest det er artig å relansere «utdøydde» saft- og brustypar. Den første som kom attende, var safta «Type Rød» i 2015. I det som var mest som eit stunt å rekne, ville han og kompanjong Lars Erling Bjåstad Hovlid produsere seks tusen liter for å selje hos Coop. Men butikkjeda tinga i staden 25.000 liter. Relanseringa vart ein stor suksess. I dag, snart tre år etter, sel dei framleis mellom seks og åtte tusen saftflasker per månad i over sytti butikkar.

– Salet har vore over all forventning. Vi hadde rekna med å selje safta i kanskje eitt år. Ikkje at ho skulle selje så mykje, så lenge. Vi er veldig nøgde med at det går 30–40 halvpallar kvar månad, seier Busker Larsen.

For moro skuld

Økonomisk går saftproduksjonen i pluss. Men bedrifta er berre ein hobby, mest for moro skuld. Til dømes gjekk lanseringa av to tusen saftdunkar i kalkulert underskot.

– Pengar er ikkje motivasjonen for å drive med dette. Det vi tener, er ein bonus som vi tek inn att i bedrifta for å byggje henne opp vidare. Men vi kjem aldri til å starte eigen produksjon. Den set vi vekk.

Bestseljaren, den raude safta, vart truleg blanda saman ein gong på 50- eller 60-talet, så dei fleste som har vakse opp på Søre Sunnmøre kjenner til henne. Saman med den gule varianten, vert ho i dag seld i butikkar frå Bergen til Molde. Til og med på coopen i saftbygda Sogndal finst ho. Også butikken på Urke er ein av dei gode kundane.

– På Urke Landhandel sel dei utruleg mykje saft. Vi sende ein gong tjue dunkar til butikken. Dagen etter ringde dei og ville ha meir. Då hadde folk kome langvegsfrå for å sikre seg ein dunk, seier saftseljaren.