Myklebust Verft:

Overleverte hekktrålar

Bygg nummer 396 seglar frå Myklebust Verft og ut på fiskefelta.

Hekktrålaren "Kirkella" blei tysdag overlevert frå Myklebust Verft til UK Fisheries Limited.  Foto: Jan Sætre/Kleven.

Næringsliv

Hekktrålaren som har fått namnet "Kirkella" er eigd av UK Fisheries Limited, eit dotterselskap av nederlandske Parlevliet & Van Der Plas B.V. Tysdag blei fartøyet overlevert frå Kleven-eigde Myklebust Verft til reiarlaget, og seglar til helga rett ut på fiskefelta.

Fartøyet er av Rolls-Royce-design, og er det siste av i alt fire slike fartøy levert frå Myklebust Verft.