Furene kjøper Hydrakraft-bygget i Dragsund

Nye eigarar Odd Arild Sæther frå Møre Eiendomsmegling, Eldor Skeide og Børge Sætre frå Furene i samband med overtakinga. 

Dragsund Arbeids- og inkluderingsverksemda Furene har kjøpt Hydrakraft-bygget i Dragsund. 

Næringsliv

Arbeids- og inkluderinsverksemda Furene har kjøpt det tidlegare Hydrakraft-bygget i Dragsund industriområde, melder verksemda i ei pressemelding.

Bygget, som er på 2000 kvadratmeter, har hatt fleire eigarar, men har sidan 2012 vore eigd av Per Gjedrum Eigedom AS. Furene vil flytte avdelinga som dei dag har på Leikong over til Dragsund.

- Den sentrale plasseringa og dei moderne lokala legg til rette for vidare vekst og utvikling også på ytre søre, seier administrerande direktør i Furene, Eldor Skeide.

Han fortel at dei tek sikte på flytte aktiviteten deira frå Leikong inn i det nye bygget i løpet av hausten

Nye lokaler og nye muligheiter

- Vi har aukande oppdragsmengde og tek mål av oss til å bli den leiande leverandøren for  gravering og profilering på ytre søre. I tillegg vil lokala gi oss muligheit til å sjå på nye forretningsomåder og oppdrag, seier avdelingsleiar Børge Sætre som ser fram til flyttinga.

I følgje pressemeldinga stettar dei nye lokala alle krav til arbeidsmiljø og universell utforming.

Bygget inneheld også ein stor produksjonshall som mellom anna er utstyrt med store traverskraner.

- Denne hallen er vi interessert i å kunne nytte til nye forretningsområde, samarbeidsprosjekt eller til utleige og er opne for innspel til koleis denne kan nyttast, seier Eldor SKeide.


Furene
  • Furene har hovudkontor i Furene i Volda kommune og er ei arbeids- og inkluderingsbedrift med 72 tilsette
  • I løpet av 1 år er ca 800 innom Furene for ei eller anna oppfølging med mål om arbeid. Fleire av desse har behov for ekstra tilrettelegging av arbeid og treng Furene sine interne produksjonsarenaer i kortare eller lengre perioder til arbeidstrening og kvalifisering.
  • I tillegg til plasseringa i Furene har verksemda i dag aktivitet og lokaler i Ørsta, Ulsteinvik, på Fiskå og på Leikong.
  • Avdelinga på Leikong er opphaveleg Dragsund Asvo, som fusjonerte inn i  Furene i 2014. Avdelinga har i dag produksjonar  innan profilering, gravering, mekanisk  og spesialemballasje i tre.