Norled vann ferjekontraktar

Danka ut Fjord1 på fleire ferjesamband.

Over Sognefjorden Frå 1. januar 2020 frå Norled ansvaret for ferjesambandet Manheller-Fodnes. I dag er det Fjord1 som driftar dette ferjesambandet.  Foto: Jorulf Myrene

Næringsliv

Frå 1. januar 2020 får Norled ansvaret for nesten all ferjedrift i Sognefjorden. Det er klart etter at selskapet har danka ut Fjord1 på fleire ferjesamband.

Fleire media fortel at Norled har vunne både konkurransen om sambandet Manheller – Fodnes og trekantsambandet Hella- Vangsnes- Dragsvik.

Viseadministrerande direktør Lars Jacob Engelsen i Norled seier til NRK at selskapet er svært glade for kontrakten. Han fortel også at dei vil byta ut dei noverande ferjene på desse strekningane med batteriferjer.

På sambandet Manheller-Fodnes vil det ifylgje NRK koma batteriferjer som tek 120 bilar kvar, medan det på sambandet Hella-Vangsnes-Dragsvik blir sett inn tre batteriferjer med ein samla kapasitet på minimum 220 bilar.