Larsnes-bygg døypt i Tromsø

Døypt Brønnbåten «Ro Fortune», bygd ved Larsnes Mek., vart laurdag døypt i Tromsø. Gudmor var Camilla Sandøy. 

Numer 14 «Ro Fortune» er det nyast skipet i Rostein sin flåte. 

Næringsliv

Laurdag vart brønnbåt-reiarlaget Rostein sitt førebels siste fartøy, «Ro Fortune» døypt i Tromsø.

Brønnbåten er bygd ved Larsnes Mek. Verksted og er den nyaste båten i ein serie som no tel i alt fem bygg.

- Serien er levert til avtalt tid frå Larsnes Mek Verksted AS, noko som kjem godt med no i ein travel sommarsesong, fortel reiarlaget i ei pressemelding. I følgje denne skal «Ro Fortune» vere stasjonert i Nord-Noreg, med Troms og Finnmark som sitt viktigaste aktivitetsområde.

- Alle Rostein sine 14 fartøy er utrusta i Noreg og reiarlaget sine kontraheringar i Noreg representerer store, positive ringverknader for norske leverandørar innan maritim sektor. Miljøteknologi har vore viktig for Rostein i ei årrekke og den siste serien av skip har blitt utrusta med trinnvis energiproduksjon med diesel-elektriske generatorar og med høve til å kombinere utsleppsfri handsaming av parasittar og transport av laks, seier Glenn Bradley i Rostein.

Rostein AS er eit familieeigd reiarlag med hovudkontor på Harøya i Sandøy kommune, er eit av dei leiande reiarlaga her til lands når det gjeld transport av levande laks.