Ulstein-bedrift vil vere med på å redde verda - og tene pengar på det

Bakteriar som lever ved undersjøiske vulkanar dannar utgangspunktet for verksemda Hyperthermics i Ulsteinvik.

Grønt skift – Alt organisk avfall kan verte til biogass og ved hjelp av ein reaktor med hypertermofile organismar kan nedbrytingsprosessen skje enda raskare, fortel Erlend Haugsbø i Hyperthermics. Verksemda, som har hovudkontor i Ulsteinvik, er no klare til å få reaktoren ut på marknaden.  Foto: Jorulf Myrene

Næringsliv

For Hyperthermics handlar det om å få organisk avfall til å rotne raskast råd. Dei har utvikla ein metode som opptil halverer nedbrytningstida av til dømes matavfall, ein metode som hindrar utslepp av drivhusgassen metan og som gir biodrivstoff og rein gjødsel som sluttprodukt.

For å oppnå dette har verksemda i Ulsteinvik skaffa seg nokre små hjelparar. Og når vi seier små, så meiner vi verkeleg små.