At Marine-divisjonen av det britiske konsernet skulle seljast vart klart allereie i januar, og det har difor vore nokre spente månadar for dei tilsette.

Fredag kunne dei sleppe jubelen laus ved avdelinga i Ulsteinvik, og ein kunne nærast kjenne på ei letta stemning blant dei tilsette.

– Dette er ein gledas dag! slår Kjell Bjørn Hatlebakk, hovudtillitsvalt i Fellesforbundet fast.

Plassjef Dag Skarbø er også svært godt fornøgd med at Kongsberg Gruppen no kjem inn som eigarar.

– Vi har sjølvsagt nokre utfordringar framleis, når det gjeld marknaden, kundar og ordretilgang, men det ser lysare ut enn på lang, lang tid. Det at vi no får inn Kongsberg som ny eigar er ein stabiliserande faktor for oss. Dette gjeld ikkje berre oss i Ulsteinvik, men dette har nasjonal betydning. Det er viktig for Norge at vi har ein så tung aktør med oss på eigarsida. Det har mykje å seie for den maritime klynga og teknologimiljøet i Norge, og det er noko som vi set utruleg stor pris på, fortel Skarbø.

– Betyr utruleg mykje

Det er ikkje tvil om at det har vore ein del usikkerheit knytt til kven som skulle kome inn på eigarsida, og det at ein no veit kven som skal ta over gjer at dei tilsette kan sjå framover.

– Det å ha ein eigar som har lyst til å satse betyr utruleg mykje for industrien og det teknologiske nivået som ein har. I staden for å vere eigd av nokon som vil selje deg, då er du på mange måtar litt på sparebluss, medan vi no kan sjå føre oss ei strategisk retning som kan gje fleire moglegheiter til å utvikle oss, fortel Skarbø.

Både plassjefen og dei tillitsvalde er godt fornøgde med at verksemda skal tilbake på norsk eigarskap.

– Dette er veldig bra, det betyr mykje for oss og det er svært positivt at vi får inn ein norsk eigar. Det har vore mykje spekulasjonar dei siste månadane, men eg synest dei tilsette har stått veldig på for å levere det vi skal. No kan vi ta ferie og sjå optimistisk på framtida. Dette har vi trua på, slår Kjell Bjørn Hatlebakk i fellesforbundet fast.

Ein god eigar

Samstundes som at gleda er stor over at Kongsberg Gruppen kjem inn som ny eigar, er både Skarbø og Hatlebakk einige om at det har vore positivt å vere ein del av Rolls-Royce.

– Dei har vore ein god eigar. Dei har utvikla både verksemda og folk på ein god måte. Vi har hatt eit høgt teknologisk nivå, gode produkt og robuste prosessar, og det gjer at vi har eit fint grunnlag å bygge vidare på inn i norsk eigarskap, seier Skarbø.

Arvesølvet kjem heim

No blir verksemda ein del av eit konsern med over 7000 tilsette i 25 land.

– Det er veldig kjekt at vi er i ferd med å bli ein del av eit stort, norsk konsern med lange tradisjonar. Vi har jo lange tradisjonar sjølve og på mange måtar så kan ein seie at arvesølvet kjem heim igjen, meiner Skarbø.

Han peikar på dei mange lokale selskapa som først vart smelta saman til Ulstein Gruppen, før Wickers og seinare Rolls-Royce tok over.

– Så har det blitt utvikla vidare og framover skal det bli tatt vare på av Kongsberg Gruppen. Det er fantastisk. Vi var snare med å hive opp flagget i dag, seier Skarbø.

– Det er nesten så ein må knipe seg i armen, skyt Hatlebakk inn.

Kan ikkje kvile på laurbæra

Sjølv om gleda var stor hos Rolls-Royce Marine i Ulsteinvik fredag, er det ikkje rom for å slappe for mykje av.

– Nei, no startar arbeidet med å bygge konsernet vidare. Der har vi ein lang veg å gå endå, seier Sverre Thorsø, nestleiar i bedriftsklubben.

For sjølv om salet av Rolls-Royce Marine er avklart, så er det maritime næringslivet framleis inne i ei utfordrande periode.

– Marknaden er framleis den same. Vi er nøydde til å halde fram med å bygge, forbetre oss og ”fighte” heile vegen. Det har vi kultur for. Det er ikkje tid for å kvile på laurbæra, men dette er som ei vitamininnsprøyting for oss, at vi har fått ein eigar som har lyst til å satse. Det er både utruleg kjekt og det er viktig for samfunnet vårt, det er viktig for Ulsteinvik, seier Skarbø.

Håpar å få tilbake meir av den norske tenkemåten

– No såg vi at Ekornes vart seld til Kina for kort tid sidan. Eg synest det er svært positivt at vi blir i Norge. Det er ingenting som er betre enn at vi får norske eigarar, meiner Hatlebakk.

For sjølv om det er mykje som er uklart før Kongsberg Gruppen offisielt tek over Rolls-Royce Marine, så ville usikkerheita for dei tilsette ha vore større om det var ein ny utanlandsk eigar som kom inn.

– Då har du frykta for om ein blir ”outsourca”. No er vi sikrare, sjølv om ein aldri er heilt sikker, for vi veit jo ikkje kva Kongsberg Gruppen vil gjere. Dei skal tene pengar dei også. Det er eit internasjonalt selskap, men dei er norske og eg håpar dei har ein norsk tenkemåte, seier Sverre Thorsø.

Han peikar på at då Wickers tok over Ulstein vart dei overraska over at det var så kort veg frå arbeidarar til leiinga.

– Det er ei nisje i Norge, at det er så kort veg frå golvet og opp. I England har du hierarkiet. Vi håpar å få tilbake litt av den norske tenkemåten der, seier Thorsø.

Både han og Hatlebakk vart svært overraska over at salet var klart, men begge er einige om at det var ei svært positiv overrasking.

– Vi hadde ikkje forventa at det skulle skje no. Det kom som ei bombe, men det var innertiar, slår dei fast.

Fredag gjekk flagget til topps ved Rolls-Royce Marine si avdeling i Ulsteinvik.