Fjord1 har fått GIEK-garanti for finansiering av ni elferjer

Den første elferja til Fjord 1 er allereie levert. No er alt klart for bygging av ytterlegare åtte elferjer, som skal setjast i trafikk på Vestlandet.

Fjord1 har fått GIEK-garanti for finansiering av ni elfjerger.   Foto: Arkiv/Havyard.

Næringsliv

Finansiering skjer i samarbeid med DNB, Nordea og KLP, og skal dekke kjøp av ni elektriske ferjer i Fjord1-konsernet som skal byggjast ved Havyard og Fjellstrand verft. Den første av dei ni ferjene blei levert i midten av juni. Dei resterande skal bli levert kontinuerleg fram til oktober 2019, skriv Garantiinstituttet for eksport (GIEK).

GIEK garanterer for 900 millionar kroner av kostnadene til bygginga, og dempar slik risikoen for kreditorane i transaksjonen. Den nye, mellombelse låne- og garantiordning i GIEK og Eksportkreditt Noreg for kjøp av skip frå verft i Noreg til bruk i Noreg blei oppretta i statsbudsjettet for 2018.

– GIEK-garantien kan bidra til auka aktivitet på norske verft og til at vi kan behalde arbeidsplassar i Noreg. Samtidig vil vi no få fleire miljøvennlege ferjer på Vestlandet, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Banksyndikatet som finansierer Fjord1-ferjene er glad GIEK bidrar på finansieringssida.

– Noreg er langt fremme i elektrifisering av skipstransport langs kysten, og vi ser at norske bedrifter er i forkant i alle delar av verdikjeda frå batteriproduksjon til drift av skip. GIEKs bidrag til finansiering av kapitalkrevende prosjekt er i så måte viktig, seier DNBs Katrine Trovik.