I alt kom det i år inn 14 søknadar frå inn- og utland til Innovasjonsprisen. Det er fem fleire enn ved utdelinga i 2016. Juryen gir uttrykk for at fleire av søknadane viser høg grad av innovasjon – som kan gi ny utvikling i fiskerinæringa, heiter det i ei pressemelding frå Nor-Fishing.

Ein av finalistane er dei to bedriftene Liegruppen Fiskeri AS på Straume i Fjell kommune og Salt Ship Design AS på Stord i Sunnhordaland. Dei har utvikla eit nytt høgteknologisk, kostnadseffektivt og miljøvennleg fiskefartøy.

Sago Solutions AS med tilhaldsstad i Sagvåg i Sunnhordaland er nominerte fordi dei utviklar eit innovativt fangstsikringssystem for linefiske, spesielt til bruk i samband med fiske etter tannfisk i Sørishavet.

Den siste finalisten, Stø Technology AS, har tilhaldsstad på Hareid på Sunnmøre. Dei er nominerte for utviklinga av eit fangsthandteringssystem som tar mål av seg å eliminere dei fleste kvalitetsutfordringane knytt til tradisjonelt trålfiske.