Dei to skipa skal frakte temperaturregulerte konteinarar og stykkgods og blir ein viktig del av infrastrukturen på Grønland, skriv Havyard i ei pressemelding.

– Samarbeidet med Royal Actic Line A/S har vore svært fruktbart og eg ser ikkje bort frå at det vil komme fleire moglegheiter for Havyard innanfor dette segmentet, seier salsdirektør Gisle Vinjevoll Thrane i Havyard.

Dei to skipa skal byggast ved Zamakona Yards i Spania og skal leverast i løpet av 2020.

Ifølgje pressemeldinga frå Havyard handterer Royal Arctic Line A/S all sjøfrakt til og frå dei 13 største hamnene på Grønland. Den grønlandske regjeringa har gitt Royal Arctic Line ein eksklusiv konsesjon for all sjøfrakt til Grønland, som sikrar forsyningar til heile landet.